- Ha kjøt og flesk i ein kjele. Hell på vatn så det dekkar kjøtet og kok opp. Kok i cirka 2 timar. Ha oppi korv mot slutten.
- Ha surmjølk i ein kjele. Vermast opp til det brest. Sil av og ta vare på mysa (det rennande).
- Lag jamning av søtmjølk og byggmjøl.
- Skjer kjøt, flesk og pølse i terninger. Slå kjøttkrafta i mysa til den er passe salt. Ha oppi kjøt, flesk og korv. Ha jamninga – tilpass med mindre eller meir jamning etter kor tjukt du vil ha det. Kok alt i 5-6 minutt.
Ved servering har ein fyrst flatbrødbitar i fatet, så supanesoppa og på toppen gamalost, sirup og brunost. Dette skal ikkje rørast inn, men man tek litt av alt på skeia kvar gong.
Tips!
Nokon brukar og å ha små potebitar i, så det blir litt meir mat.
Når du varmar opp surmjølk til den brest får du ostemasse og myse. Mysa ska brukast i supanesoppa. Av ostemassen kan du til dømes lage ferskost (trykk for oppskrift).