close
search
close

Logg inn


Glemt passord?

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Om Norsk Tradisjonsmat

Norges Bygdekvinnelag har jobba for å fremje norske tradisjonsmat i meir enn 70 år. Vi veit at mat er meir enn berre mat.

Den norske tradisjonsmaten famnar også uendeleg mange historier om folk og levande lokalmiljø over heile landet, og viktige verdiar som samhald, trivsel og matglede.

På norsktradisjonsmat.no finn du oppskrifter som er samla inn av medlemmar, lokallag og fylkeslag i Norges Bygdekvinnelag over fleire år. Vi vil dele av den håndbårne kunnskapen om norske mattradisjonar som vår organisasjon har vore med på å forvalte i generasjonar.

Lat oss ikkje forfedrane gløyma, under alt som me venda og snu; for dei gav oss ein arv til å gøyma, han er større enn mange vil tru – Ivar Aasen

Kva er norsk tradisjonsmat?

Tradisjonar er ikkje statiske. Dei endrar seg over tid slik folk og samfunn også endrar seg. Økonomi, tilgang til råvarer og reiskap, og impulsar frå andre folk og kulturar – norske som utanlandske –  har til kvar ei tid i ulik grad påverka matlaginga og kosthaldet i Norge.

På norsktradisjonsmat.no har vi valt ei ganske opa tolking av tradisjonsmat-omgrepet. Ein tradisjon vert gjerne definert som ein skikk som er overført mellom fleire generasjonar. For å ivareta dette har vi valt å setje eit tidsmessig skilje på 60-talet. Oppskrifta må også kunne sporast tilbake til ein norsk stad eller person.

vafler norsk tradisjonsmat

Oppskriftene på sida er basert på bidrag frå enkeltmedlemmar, lokallag og fylkeslag i Norges Bygdekvinnelag. Dei er henta frå innsamlingar av oppskrifter i fleire runder, i tillegg til frå bøker og samlingar som organisasjonen sine fylkes- og lokallag har gjeve ut. Kjelder er oppgjevne på kvar oppskrift. Ei oversikt over bøker utgitt av Norges Bygdekvinnelag sine fylkes- og lokallag finn du her.

Takk til

Vi vil gje ein stor takk til Sparebankstiftelsen DNB for deira gåve til prosjektet!

Ein stor takk også til Siss Ågedal, Anne Mari Amlien, Kari Støfringsdal, Mari Gjengedal og Astrid Seime, som har vore med i fagkomiteen for prosjektet. Vidare vil vi takke alle medlemmar, lokal- og fylkeslag som har bidrege med oppskrifter, i år og tidlegare. Ein spesiell takk til prosjektkontaktene  i Norges Bygdekvinnelag sine fylkeslaga for deira innsats i samband med innsamlinga i 2017.

Ein takk også til matfotograf Jon Marius Nilsson, som har vore med på å fotografere mange av dei tradisjonsrike rettane du finn oppskrift på her på sida. Du finn Jon Marius sin portfolio her.

I forbindelse med fotografering til nettsidene har flere aktører velvillig lånt ut utstyr. En stor takk til Porsgrund PorselænsfabrikMagnor Glassverk og Noidoi Design Studio for lån av flotte produkter.

Kontakt:

Prosjektleiar og redaktør for norsktradisjonsmat.no er Gunn Jorunn Sørum.

Ansvarleg redaktør er Cesilie Aurbakken, generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag.

Har du spørsmål til nettsida, ta kontakt på post@norsktradisjonsmat.no