close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Bjørgum BK steker brimlefse på takke
camera_alt FOTO: Bjørgum Bygdekvinnelag steiker brimlefsa under Smalahovetreffet på Voss.

Brimlefse

Tradisjonsbakst med flesk og røykepølsa frå Voss.

  • local_offer Brødmat/Bakverk
  • local_dining Middels
  • timer 60 minutter
  • location_on Hordaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 2 stk egg
  • 12 l mjølk
  • 14 ts natron
  • 200 g kveitemjøl
  • 12 ts salt
  • 200 g magert flesk
  • 1 stk røykepølsa (vossakorv)

Fremgangsmåte

  1. Lag vanleg deig som til flatbrød – oppskrift her.
  2. Lag mjølkekakerøre: bland dei tørre ingrediensane. Tilset mjølk og litt sur mjølk, og visp til jamn røre. Visp inn lettpiska egg.
  3. Skjer opp flesk og røykepølsa (vossakorv) i små bitar og steik.
  4. Steik flatbrødleiven på eine sida. Snu han, og stryk mjølkekakerøra utover leiven. Strø over bruna flesk og vossakorv. Brett leiven inn frå alle sider.
  5. Del opp i passe bitar, for eksempel i fire.

Brimlefsa smakar godt med ein rømmeklatt på.


place
Hordaland

Rettens opphav

Brimlefsa er ein veldig gamal rett, som dei laga til middag på gardane på Voss når dei baka flatbrød. Denne retten er så gamal , at det er ikkje mange som hugsar den i dag.
Bjørgum Bygdekvinnelag har teke i bruk oppskrifta att. No bakar dei den kvart år under det årlege Smalahovesleppet som er på Voss om hausten. Dei sit i gata og bakar, og køen brukar å bli lang, når godlukten byrja å spreia seg. Når folk lurar på kva det er dei lagar, brukar dei å sei at dette er forløparen til dagens pizza. Brimlefsa gjev meirsmak , og mange kjem att kvart år.
Denne oppskrifta er frå Liv Spilde i Bjørgum Bygdekvinnelag.