close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Slik baker du flatbrød

Tips og triks til flatbrødbakst.

today Publisert: 04.12.2017
create Forfatter: Gunn Sørum

Heimebaka flatbrød er norsk matkultur. Flatbrød er det opprinnelege norske brødet. Haust og vår var det baketid, då var kornet nymale, og det vart det best brød av. Flatbrød heldt seg bedre enn mjølet, spesielt gjaldt dette havremjøl. Før kunne dei baka i fleire dagar, alt etter kor stort hushaldet var. Brødet baka dei av heimeavla bygg eller havre.

Om du vil prøve deg på å takkebakst, kan det vere lurt å bake flatbrød før du prøvar å bake lefse. Fyrst og fremst er det som nybyrjar viktig å velje ei oppskrift som er lett å lykkast med. Kari Støfringsdal si oppskrift på flatbrød gir godt flatbrød av ein deig som er lett å bake ut.

Sjølv om det kan vere vanskeleg å få heilt perfekt flatbrød på fyrste forsøk, er det verdt å hugse på: ingen er fødd meister, så berre prøv! Når flatbrødet skal på bordet vert det uansett delt opp, så ingen ser om det var rundt eller ikkje.


Les også: Slik baker du lefse



Utstyr

Du treng noko utstyr for å bake takkebakst som lefse og flatbrød, men mykje av det kan du finne på loppemarked, Finn.no eller kanskje heme hjå mor eller bestemor?

Dette må du ha:

  • Steketakke (som oftest er dei 40 eller 60 cm i diameter).
  • Kjevle – ett glatt kjevle og ett kjevle med ruta mønster. Sistnemde tek betre «tak» i deigen.

Dette bør du ha:

  • Bakstefløy – til å flytte og snu leiven når du steiker
  • Kost – til å børste av takka og leiven med
  • Voksduk – til å bake ut på

Om utbaking og steiking

Fyrste bud er: rundt emne = rund leiv! Bruk tid på å forme emna skikkeleg, så er du langt på veg mot ei fin lefse. Form kvart emne til ein heilt rundt bolle. Klapp bollen litt ned  og form den med fingrane. Ei lita fordjuping i kanten på emnet kan gjere at du får «skår» i leiven.

Leiven skal helst vere ganske tynn, jevn og uten hol når den er ferdig kjevla ut.

Når du bakar lefse eller flatbrød er det lurt å bruke baksida av en voksduk til å bake ut på. Da sett ikkje leiven seg så lett fast. Kjøp gjerne metervare og klipp ut ein runding som er litt større enn takka di. Da kan du bruke den som «mal» for størrelsen på leiven mens du bakar, og du kan snu på duken mens du kjevlar for å få ein jevn leiv.

Når du skal ha leiven over på takka kan du legge bakstefløya på kanten av leiven og bruke duken til å «vippe» kanten over fløya. Deretter rullar du leiven på fløya med flat hand midt på leiven – i staden for å rulle med handa du held bakstefløya i.

Når du er ferdig med å bake kan du børste godt av duken og rulle den rundt kjevlet, så held den seg fin og utan rynker til neste gong du skal bake. Eit alternativ til voksduk er lerretsstoff.

Flatbrød skal som hovudregel stekes på litt lågare varme enn lefse, og stekes litt lenger for å bli sprøtt og godt. Flatbrødet må vere heilt sprøtt og tørt for å sikre god haldbarhet.

«Leiven sviver»

Før var det sett på som ein stor kunst blant dyktige bakstekoner å få leiven til å gå rundt (svive). Frå Kari Støfringsdals bok Fjordamat har vi denne forteljinga, frå Judith Kalgraff:

For at kjevlinga skal gå godt, må ein ha godt med mjøl under og over leiven. For å få leiven til å svive trykkjer ein litt hardare ned på den eine enden, og kjevlar framover med den andre enden av kjevlet. Leiven bør snuast eit par gonger i starten av kjevlinga. Seinare skal han ikkje snuast. Når leiven ikkje sviv rundt lenger, må ein lette på han med bakstefløygen, for å få luft under leiven, slik at han ikkje heng fast i bordet. Måten ein kjevlar på er viktig for å få ein fin leiv, men ein generell regel er at kjevlet bør rullast med jamne tak, slik at leiven veks jamt og fort. Leiven skal vere jamn og rund, men det krev øving. 


Kurs

Lokallaga i Norges Bygdekvinnelag held stadig vekk kurs i takkebakst. På www.bygdekvinnelaget.no kan du finne kontaktinformasjon til ditt nærmeste lokallag.