close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


kjøkkenutstyr på hylle

Mjølkekaker

Nydeleg kaffimat etter oppskrift frå Omvikdalen.

  • local_offer Kaker
  • local_dining Middels
  • timer 1.5 timer
  • location_on Hordaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 l heilmjølk
  • 4 dl kveitemjøl
  • 1 ts salt
  • 1 ts sukker
  • 4 stk egg

Fremgangsmåte

  1. Ha kveitemjøl i ein bakebolle, bland i salt og sukker. Hell i mjølk i små dosar og rør til røra blir klumpefri. Gjer dette til all mjølka er i røra. Denne tynne røra skal stå og svelle i ein halv time.
  2. Bland så dei 4 egga saman og sil dei gjennom eit dørslag opp i røra. Silinga er for å unngå eggestrenger i kakene.
  3. Kakene skal steikast på varm steiketakke. Her må ein prøva seg fram til rett varme. Kakene skal ha delikat, lys brun farge. Til å fordele røra på takka nyttar ein ei ause med flat botn.  Ein heller røra midt på takka og fører ausa i sirklar slik at røra dekker takka. Då røra er svært tyntflytande, vert kakene fort steikte. Til å løsne og snu kakene på takka nyttar ein ei spøva, ein flat, lang og tynn trereiskap.
  4. Dekk ei rist med kjøkenpapir eller ei kjøkenhandduk. Legg kakene på rista med den først steikte sida ned. Ved servering smører ein den sist steikte sida med eit tynt lag mjukt meierismør. Brett kakene saman slik at kvar kake blir ein halvmåne. Desse vert delte i to, og kvar del gjerne bretta dobbelt. Dei smurte kakene vert lagt flatt på fat og servert med sukker og syltetøy attåt.

place
Hordaland

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Grethe Brundtland i Omvikdalen Bygdekvinnelag.
Frå gamalt av vart mjølkekaker mykje brukt som festmat attåt rauddravle. Framleis er mjølkekaker festmat. Det er ikkje mogeleg å tenkja seg lokale festsamkome utan mjølkekaker, bryllaup, barnedåp, gravferd eller andre merkedagar. Mjølkekakene vert serverte som kaffimat. Jo større og jo tynnare kakene er, dess meir eksklusive er dei.
Spørsmål om på kva side kakene skal smørjast, kan utløyse engasjerte diskusjonar. I Omvikdalen er det semje om at kakene skal smørjast på den sida som vart sist steikt. Den sida som vart først stekt er retta, og den sida skal vende ut når kaka er smurt. Men ein skal ikkje lenger enn til Halsnøy, som og er ein del av Kvinnherad kommune, så vil dei der hevde at rettsida er den sida som vart steikt sist. Det kan vera svært underhaldande å lytte til desse diskusjonane.