close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Rene syltetøyglass på bord

Hermetisering

Alt du treng å vite om hermetisering.

Konservering
today Publisert: 18.07.2017
create Forfatter: admin

Det enklaste er å bruke snarhermetisering. Ein kan bruke denne metoden til alle typar frukt og bær. Ein kan bruke hermetikkglas eller glas med vri-av-lok, men norgesglas er best.

  1. Vask glasa godt i varmt sodavatn. Krystallsoda løyser godt opp belegg i glasa, og ein slepp skum å skole bort.
  2. Legg glasa på eit reint handkle eller papir i rein langpanne i steikeomnen og set termostaten på 125°C, fyll på vatn så det ikkje kokar tørt. Dersom ein varmar dei i tørr steikeomn kan dei bli for varme slik at dei sprekk. Skal ein ha få glas, kan ein dampe dei i ein kasserolle med litt vatn i 15 minutt.
  3. Ta eitt eller to glas om gongen opp på eit handkle. Det er ein fordel om ein har syltetrakt når ein skal fylle glasa, slik et ein ikkje får søl på kanten. Om ein ikkje har det, må ein ha ein rein, fuktig klut og tørke av kanten på glasa før ein skrur på loket.

Slik hermetiserer du

Kok opp vatn med sukker. Vask og reinsk frukta. Eple og pærer skreller ein og deler i to. Plommer vaskar ein og, om ein ønskjer det, tek av skinnet. Då legg ein plommene i eit dørslag og dyppar dei ein augneblink i kokande vatn før ein tek av skalet. Ein bør stikke hol i skinnet på plommene med til dømes ein liten gaffel, om ein ikkje tek det av. Skal ein reinske større mengde frukt, kan vi legge ho i vatn tilsett sitronsyre eller eddik så ho ikkje mørknar.

Varm frukta forsiktig i sukkerlake til opp mot kokepunktet. Lat frukta trekkje til ho er knapt møyr. Fyll henne straks på reine, tørre og varme glas. Slå kokande sukkerlake over til glaset er fullt. For å motverke at frukta mørknar på toppen av glaset, kan ein drysse litt askorbinsyre (vitamin C) på toppen før ein skrur på loket.


Oppskrift på hermetiserte plommer

Oppskrift på hermetiserte pærer


Denne artikkelen er skrevet av Kari Støfringsdal – forfatter av Fjordamat-bøkene.