Hermetiske plommer

Hermetiske plommer

Bevar dei gode råvarene lenger med hermetisering.

Safting og sylting

Tilbehør

Middels

40minutter

Sogn og Fjordane

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 800 g plommer
  • 3 dl sukkerlake

Fremgangsmåte

Lag sukkerlake: 

  • 1 liter vatn
  • 700 g sukker

Kok opp vatn med sukker.

Hermetisering:

  1. Vask og reinsk frukta. Om du ønskjer det tek du av skinnet ved å legge plommene i eit dørslag og dyppe dei ein augneblink i kokande vatn før ein tek av skalet. Om du ikkje tek av skalet kan du eventuelt stikke hol i skinnet på plommene med til dømes ein liten gaffel.
  2. Varm frukta forsiktig i 3 dl sukkerlake til opp mot kokepunktet.  Lat frukta trekkje til ho er knapt møyr.
  3. Fyll henne straks på reine, tørre og varme glas. Slå kokande sukkerlake over til glaset er fullt. For å motverke at frukta mørknar på toppen av glaset, kan ein drysse litt askorbinsyre (vitamin C) på toppen før ein skrur på loket.

Tips

Om ein ynskjer det kan ein ha litt heil krydder i sukkerlaken. Til plomme er det godt med heil nellik og anisfrø eller heil kanel.

1 porsjon gir eit 1literglas.

Du kan lese meir om hermetisering og korleis du går fram for å vaske glas her (åpner i ny fane).

Rettens opphav

Hermetisering er ein gamal metode for konservering av til dømes frukt og bær.
Denne oppskrifta er frå Kari Støfringsdal, forfattar av Fjordamat-bøkene.