
Hermetiske pærer
Bevar dei gode råvarene lenger med hermetisering.
Tilbehør
Middels
40minutter
Sogn og Fjordane
Lagre som favoritt
Ingredienser
string(1) "1"- 1 kg pære
- 3 dl sukkerlake
Fremgangsmåte
Lag sukkerlake:
- 1 liter vatn
- 700 g sukker
Kok opp vatn med sukker.
Hermetisering:
- Skrell frukta og del dei i to.
- Varm frukta forsiktig i 3-4 dl sukkerlake til opp mot kokepunktet. Lat frukta trekkje til ho er knapt møyr.
- Fyll henne straks på reine, tørre og varme glas. Slå kokande sukkerlake over til glaset er fullt. For å motverke at frukta mørknar på toppen av glaset, kan ein drysse litt askorbinsyre (vitamin C) på toppen før ein skrur på loket.
Tips
Om ein ynskjer det kan ein ha litt heil krydder i sukkerlaken. Til pære er stjerneanis, heil kanel eller vaniljestang godt.
1 porsjon gir eit 1literglas.
Du kan lese meir om hermetisering her (åpner i ny fane).
Rettens opphav
Hermetisering er ein gamal metode for konservering av til dømes frukt og bær.
Denne oppskrifta er frå Kari Støfringsdal, forfattar av Fjordamat-bøkene.