close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


kjøttkaker med potet og surkål på tallerken
camera_alt FOTO: Porselen lånt av Porsgrunds Porselænsfabrik

Den norske kjøttkaka

Her kan du lese historia bak ein av våre mest kjente og kjære retter.

today Publisert: 28.06.2017
create Forfatter: admin

Kjøttkaker er nemnt i litteratur og oppskrifter tilbake til cirka 1830, men det er ikkje mogleg å fastsetje et heilt nøyaktig tidspunkt for når kjøttkaka ble vanleg på norske bord.

Kjøttkaker er laga av hakka eller malt kjøtt. Lenge vart det nytta hakkeblokk til å hakke kjøtt, noko som var svært arbeidskrevjande. Frå rundt 1890 var det mogeleg å få tak i kjøttkvern, men det vart ikkje vanleg i dei fleste norsk heimar før 20 – 30 år seinare. Innhaldet var gjerne kjøtt som ikkje kunne nyttast til anna mat; innmat, småkjøtt, restekjøtt og liknande. Det var nemleg heilt vesentleg å nytte alle delar av dyret.

Kjød-Kager anno 1831

I Norges første kokebok av Karen Dorothea Bang, «Huusholdings-bog indrettet efter den almindelige Brug i Norske Huusholdninger Utgivet ved en Foreining av Huusmødre», finner vi følgende oppskrift på kjøttkaker:

«Man tager ferskt kjød som finhakkes i små terninger. Likeledes nyretalg;  man tager dobbelt så meget kjød som talg. Rens en rødløg eller annen fersk løg; dette hakkes meget fint og oppblandes med kold kraftsuppe eller i mangel herav ,med kokt kold melk, ingefær og muskat. Vil man have kagerne særdeles gode, stødes de med oppblandet kold fløde og 2 -4 egg. Når det er passelig fast, steges de i en pande. Man har en gryde med kogende vand eller kraftsuppe stående i beredskap, hvori  de blir kokt eftersom de steges; der må kun komme så meget kraft eller vand på dem, at de ikkje bliver tørre eller brender i gryden.»


Kjøttkaker landet rundt

Norske kjøttkaker har vore brukt og finst i heile landet. Dei fleste stadene er dei laga av storfekjøtt, også med tilsetjing av talg eller fett. Likevel er det variasjonar mellom landsdelane. Det heng saman med tilgang på råvarer, men også klima, vegetasjon, dyreliv og tradisjonar.

I dei nordlege delane av landet finnes kjøttkaker laga av reinsdyrkjøtt. Frå Nordland kjenner vi til at dersom det ikkje var storfekjøtt å få, så vart det nytta sauekjøtt.

På Vestlandet, i dalane i Trøndelag, på Austlandet og på Sørlandet var det storfe, sau og geit som var det mest vanlege dyrehaldet. Det finnest også oppskrifter på kjøttkaker laga av reinsdyr, elg og hest. Storfe og sau var dei mest vanlige dyra over heile landet fram til grisen blei vanlig på flatbygdene på Austlandet, i Trøndelag og på Jæren. Kjøttkaker av svinefarse vert derfor også oppfatta som kjøttkake i delar av landet. Likevel er hovudoppfatninga at kjøttkaker ikkje er laga av svinekjøtt.

Les meir om slakting og slaktearbeid i denne artikkelen

kuer på fjellbeite


Hermetiserte kjøttkaker

Hermetisering som konserveringsmetode slo for alvor gjennom på byrjinga av 1900-talet. Kjøtt, kjøttkaker, karbonadekaker og pølse var blant råvarene som vart nedlagt hermetisk på boksar og glas. Mest brukt var blekkboksar som dei lodda att, men skrueglas med gummiringar tok og til å koma i bruk.

Nedlegging og hermetisering vart ein ny, hektisk arbeidsprosess for husmora, men det ga høve til å oppbevare fersk mat, som var lett å gripe til, både når det kom gjestar og elles.

Kjøttkaka i krigsåra

I mellomkrigstida og etter andre verdskrigen var det svært tronge tider i landet. Det vart derfor vanleg å spe kjøttfarsen. Ein måtte nytta det ein hadde, bruke mindre reint kjøtt og bruke restar av mat. Difor vart det nytta mellom anna tilsetjingar som brune bønner, egg, havregryn, malte poteter, brødrasp, mjølk.

Kva ein spedde med, kom an på kva man skulle lage. Bergensarinna Sarah Dekke har i sin kokebok frå 1938 oppskrift på kjøttkaker (fine) og kjøttkake (tarvelige), og medan den første er spedd med kavring og egg, er de andre spedd med kokte brune bønner og smør. Og rikelig salt.

Av krydder i kjøttkakene er nemnt salt og peppar, I tillegg muskat og ingefær.  Nokre brukar også finhakka løk i kjøttkakene.

Les mer om kostholdet og se oppskrifter fra andre verdskrig i denne artikkelen

Tilbehør

Til kjøttkaker vert alltid brun saus og kokte poteter nemnt i same andedrag. Av anna tilbehør blir oftast sagt ertestuing og/eller kålstuing og kokte gulrøter. Det var i tidlegare tider vanleg å ha ein sekk med tørka, grøne erter på matlageret. Særleg vanleg var dette i innlandet og nordover. Erter var mettande og ernæringsmessig sunn mat. Kål var ein tilgjengeleg grønsak særleg på flatbygdene, og kunne dyrkast sjølv. Anna vanleg tilbehør var rørte tyttebær. Den brune sausen skal vera laga av bruna mjøl.

Fest- eller kvardagsmiddag?

Langt tilbake var hakking av kjøtt tidkrevjande arbeid, og matretten kjøttkaker vart dermed festmiddag. Den er nemnd som mat til festmiddagar, søndagsmiddag og til jul.

Etter kvart vart det lettare tilgang på kjøttdeig og kjøttkakar vart meir kvardagsmiddag. Dette har igjen endra seg då mange i dag ønskjer kvardagsmiddager som er svært raske å laga til. I dag blir kjøttkaka også omtala som «Mors kjøttkaker» noko som tyder på at dette er ein kjent og kjær middagsrett.  I dag vert kjøttkake i brun saus  rekna som tradisjonsmat og er svært populær.

 


Kilde: Norges Bygdekvinnelag satte i 2015 ned ei arbeidsgruppe for å jobbe med prosjektet «Den norske kjøttkaka». Arbeidsgruppa var samansett av Solveig Linge Stakkestad, leiar, Kari Støfringsdal og Siss Ågedal. Denne artikkelen er basert på arbeidsgruppas rapport.