
Vassgraut
God kvardagsgraut!
Grøt
Lett
20minutter
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 l vatn
- 2 ts salt
- 3 dl byggmjøl
Fremgangsmåte
- Kok opp vatnet og saltet, dryss mjølet i medan ein rører godt med visp. Kok ca ti minutt – rør av og til. Server kald mjølk ved sida av.
Tips!
Byggmjøl klumpar lett så for å unngå klumpar kan ein røra mjølet ut i 4 dl av vatnet (kaldt) og ha denne blandinga i det kokande vatnet.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Anita Jordalen i Egdetveit Bygdekvinnelag. Ho skriv at dette er ein kvardagsgraut som vart brukt mykje før i tida.