Sviskegraut

TINE

Sviskegraut

Klassisk dessert etter oppskrift frå Olden.

sviskegrøt

Desserter

Lett

30minutter

Sogn og Fjordane

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 150 g svisker
  • 8 dl vatn
  • 1 dl sukker
  • 2.5 ss potetmjøl
  • 0.25 dl vatn

Fremgangsmåte

  1. Bløyt sviskene i 8 dl kaldt vatn over natta.
  2. Kok opp dette og tilset sukker. Rør i hop potetmjøl og 0,25 dl vatn, og ha det i grauten i ein tynn stråle. Rør godt og gje eit raskt oppkok. Smak til med sukker. Strø litt sukker over (for å unngå snerk), og set til kjøling.

Serverast med fløytemjølk.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Reidun Brynestad i Olden Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Her i Olden i Nordfjord har sosakjøt og sviskegraut vore tradisjonell bryllaup/selskapsmat. Det er ofte brukt den dag i dag.»