Stikkelsbærsyltetøy

stikkelsbær

Stikkelsbærsyltetøy

Friskt og godt syltetøy av stikkelsbær.

Safting og sylting

Tilbehør

Middels

20minutter

Sogn og Fjordane

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 3 l stikkelsbær
  • 1.5 l vatn
  • 1.5 stk pakker fruktpektin
  • 1 stk vaniljestong
  • 2 kg sukker

Fremgangsmåte

 

  1. Ha reinsa stikkelsbær i ein kasserolle og fyll på vatn til det så vidt dekker bæra.
  2. Splitt vaniljestonga og del den i 2 -4 bitar. Kok opp og la trekke til bæra går sunde.
  3. Rør inn fruktpektin og kok i 1 minutt. Rør inn sukker og kok opp syltetøyet.
  4. Fyll på reine glas.

Du kan lese meir om sylting og safting HER.

Rettens opphav

Sylting er ein tradisjonsrik måte å konservere frukt og bær på. Eldre oppskrifter på saft og syltetøy er tilpassa den oppbevaringsmåte som ein rådde over då. Det vanlege var å ha syltetøy på krukker som ikkje var tette, difor måtte dei bruke mykje sukker for at syltetøyet skulle stå seg. No har vi glas med lok som blir hermetisk tette om vi syltar på rett måte, og då står syltetøyet seg med lite sukker.
Denne oppskrifta er frå Kari Støfringsdal – forfattar av Fjordamat-bøkene.