
Spa
Middagsrett etter oppskrift frå Bø.
Middagsretter
Middels
4timer
Telemark
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 stk stor lettsalta svineknoke
- 500 g lettsalta svinemørbrad
- 1 dl byggryn
- 1.5 dl gule erter
- 1 stk purre
- 1 stk liten hodekål
- 5 stk gulrøtar
- 1 stk lita kålrot
Fremgangsmåte
- Gryn og erter bør ligge i vatn natta over.
- Bruk ein kjele som tek cirka 5 liter. Ha kjøtt og gryn i kjelen, og fyll med vatn så det stend over kjøttet. Ein må regne cirka 3 timar koketid. Når kjøttet er koka tek ein opp kjøttet, og har grønsaker opp i krafta. Ein må kanskje da fylle i litt meir vatn. Smak til med salt. Om ein har løpstikke kan ein ha bittelitt av det i suppa. Når grønsakene er passe møre er suppa ferdig.
Ein serverer suppe før kjøt med grønsaker og poteter. Sursøt saus er godt til:
Sursøt saus
- 50 gram margarin
- 2 spiseskjer kveitemjøl
- Cirka 7,5 dl kraft or suppe
Smelt smør, rør inn mjøl og spe med kraft. Smak til med sukker og eddik etter smak.
Dette er ein stor porsjon, og med gode poteter og grønsaker er dette ein solid middag. Det er nok til suppe innatt pannekaker dagen etter.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Bø Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Spa var en rett som man kjenner fra oppveksten, det var en rett alle likte. Ofte brukt som søndagsmiddag eller ved større familiesamlinger. Det ble ofte rester til dagen etter, da ble den varmet opp med pannekaker til. Blåbærsyltetøy var ofte tilbehør.»