Petra sine lefser

kjevle på bord

Petra sine lefser

Lefser bakt med kveitemjøl og sikta rugmjøl.

Brødmat/Bakverk

Middels

2timer

Møre og Romsdal

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 kg kveitemjøl
  • 1 kg sikta rugmjøl
  • 250 g smør
  • 100 g sukker
  • 1 ss sukker
  • 1 l kefirmjølk

Fremgangsmåte

  1. Smelt smøret og rør det i mjølka, og bland alt saman. Kna deigen godt.
  2. Kjevles ut og steikes på ikke for varm takke.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Tresfjord bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Petra var bygdas bakstekone. Ho var enke og tok på seg arbeid for andre. Vi avtala med henne om tidspunkt for baking, og då gjaldt det å ha eldhuset klart, ryddig og reint, bakstefjøla og bakstetrauet i grua på plass. Høveleg med ved måtte og til.
No måtte ikkje varmen på steikehella vere for skarp, så litt mindre og lettare ved vart brukt; men tørr skulle den vere. Vi hadde elektrisk takke, men den ville ikkje Petra bruke, det vart for småe leivar på den, og det gjekk for seint, meinte ho.
Vi var spente på smaken på lefsa, så no kom smøret og sirupsdunken fram. Å du verda kor godt det smaka med nysteikte lefser med sirup, med nytrakta kaffe til!

Vidare skriv dei: «Vi var spente på smaken på lefsa, så no kom smøret og sirupsdunken fram. Å du verda kor godt det smaka med nysteikte lefser med sirup, med nytrakta kaffe til!»