
Majjæl
Mykje brukt tradisjonsrett i Hallingdal.
Middagsretter
Lett
2timer
Buskerud
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 kg sauekjøt eller røykte svineknoka
- 2 l vatn
- 2 ts salt
- 1 stk kålrot
- 5 stk gulrøter
- 8 stk poteter
- 1 dl byggryn eller erter
Fremgangsmåte
- Kok upp kjøtet, skum godt. Ha på salt og la det småkoke over svak varme i cirka 2 timar.
- Ha i byggryn etter ein halv time (gryn eller erter skal ligge i vatn natta over før koking).
- Reinsk grønsakene og potetene. Kok dei saman med kjøtet til alt er møyrt (det reknast to poteter per person).
Et sø med grønsaker fyrst som suppe. Kjøt, potet og grønsaker etterpå som hovudrett.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Inger Margrethe Medhus i Hol Bygdekvinnelag.
Majjæl var mykje brukt i Hallingdal. Mange stader var det ein sjølvsagt rett til nons om sundagane. Restene av majjælen vart gjerne brukt dagen etter.
Det var vanleg at ein fyrst åt søet saman med litt av grønsakene, og so byrja på kjøtet og resten av grønsakene og potetene. Eit ordtak sa at «No må de ta te dikko det de lyste, men søet må då vera tå det fyrste».
Oppskrifta er tikji frå boka Hallingkost av Lise Laa (1998).