
Hjortetakk
Tradisjonsrik julekake.
Kaker
Middels
1døgn
Sogn og Fjordane
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 4 stk egg
- 250 g sukker
- 1 dl kremfløyte
- 100 g smør
- 1 ts kardemomme
- 1 ts hjortesalt
- 500 g mjøl
Fremgangsmåte
- Pisk egg og sukker til eggedosis og tilset stivpiska kremfløyte.
- Ta av litt av kveitemjølet og smuldre smøret i resten av mjølet. Ha i kardemomme og hjortesalt og elt mjølet inn i eggedosisen. Lat stå kaldt til neste dag.
- Elt inn resten av mjølet og trill ut tynne stenger som ein formar til ringar. Det er fint om ein lagar små hakk i dei. Steik i varmt smolt.
I den gamle oppskrifta som er basis for denne oppskrifta står det: «Kakene blir bedre om 2 eggehviter borttages».
Rettens opphav
Fattigmann er ei tradisjonsrik julekake i Norge. Kaker steikt i smolt og i jarn er truleg dei eldste kakesortane vi har.
Denne oppskrifta er henta frå boka «Alle tider fjordamat», skrevet av Kari Støfringsdal og Åse Kongsvik, og utgitt av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag på Selja Forlag.