Fruktgraut

Fruktgraut

Nytes kald eller varm.

Desserter

Lett

1.5timer

Rogaland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 2 stk eple
  • 1 stk pære
  • 50 g bær/druer ein måte ha liggjande

Fremgangsmåte

  1. Full opp eit litermål med 8 dl frukt/ bær som ein har eller ønskjer å bruke opp. Full så vatn oppi litermålet til det dekker frukt /bær. Tøm det i ei gryta og kok opp til frukt/bær har blitt til ein graut. Trekk gryta av plata.
  2. Bland 2,5 ss potetmjøl med litt vatn slikk at det blir flytande. Rør det inn i fruktgrauten. Sett deretter gryta på plata og gje fruktgrauten eit raskt oppkok. Smak til med sukker/kanel eller la kvart enkelt sukre sjølv.

Serverast varm eller kald, med fløte/melk/vaniljesaus, sukker og kanel eller til is.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Anja Eilen Skadsem i Bore Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Opprindeleg var de det som var igjen, tilovers av frukt/bær som var stykt som ikkje blei brukt, laga ein om til graut. Men det var også ein god måte å ta vare på og få meir ut av frukta, og ein fekk i seg c-vitamin.»