
Fattigmann
Klassisk julekake etter oppskrift frå Luster.
Kaker
Middels
1døgn
Sogn og Fjordane
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 10 stk eggeplommer
- 20 ts sukker
- 10 ss kremfløyte
- 350 g mjøl
- 50 g mjøl til utbaking
- 0.5 ts kardemomme
Fremgangsmåte
- Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis. Bland i stivpiska kremfløyte. Elt inn mjøl og kardemomme og lat deigen stå til neste dag.
- Bak ut til tynn leiv. Skjer ut snippar, lag eit snitt midt på kakene og stikk den eine spissen gjennom snittet. Legg kakene på mjøla plate og lat dei stå kaldt til ein skal koke dei i varm smolt.
- Kok i smolt til dei er gyldne.
Rettens opphav
Fattigmann er ei tradisjonsrik julekake i Norge. Kaker steikt i smolt og i jarn er nok dei eldste kakesortane vi har.
Denne oppskrifta er henta frå boka «Alle tider fjordamat», skrevet av Kari Støfringsdal og Åse Kongsvik, og utgitt av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag på Selja Forlag.