Emissærkaker

Helle Cecilie Berger

Emissærkaker

Gamal oppskrift frå Voss.

Kaker

Lett

30minutter

Hordaland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 6 dl kveitemjøl
  • 1.5 dl sukker
  • 0.5 ts natron
  • 5.5 dl surmjølk
  • 4 stk dropar mandelessens
  • 25 g korianter

Fremgangsmåte

  1. Ha mjøl, sukker og natron i ei skål, slå i mjølka og til sist korianter og dropar.
  2. Steik på helle som små lappar.

Rettens opphav

Denne oppsrkifta er sendt inn av Anita Jordalen i Egdetveit Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Desse kakene kunne gøymast i ein fuktig duk opp til ei veke og vart mykje brukt den tida emissærane fekk husly på gardane . Dei brukte ofte saup etter kinninga istadenfor surmjølk. Eg har funne oppskrifta i boka Vossamat og dei har funne oppskrifta i Ragna Slettemark si husstellskulebok.
Surmjølkskaker, natronkaker og frunsekaker er andre navn på desse kakene. Navnet vart brukt til etter krigen.»