
Brimlefse
Tradisjonsbakst med flesk og røykepølsa frå Voss.
Brødmat/Bakverk
Middels
60minutter
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
string(1) "1"- 2 stk egg
- 0.5 l mjølk
- 0.25 ts natron
- 200 g kveitemjøl
- 0.5 ts salt
- 200 g magert flesk
- 1 stk røykepølsa (vossakorv)
Fremgangsmåte
- Lag vanleg deig som til flatbrød – oppskrift her.
- Lag mjølkekakerøre: bland dei tørre ingrediensane. Tilset mjølk og litt sur mjølk, og visp til jamn røre. Visp inn lettpiska egg.
- Skjer opp flesk og røykepølsa (vossakorv) i små bitar og steik.
- Steik flatbrødleiven på eine sida. Snu han, og stryk mjølkekakerøra utover leiven. Strø over bruna flesk og vossakorv. Brett leiven inn frå alle sider.
- Del opp i passe bitar, for eksempel i fire.
Brimlefsa smakar godt med ein rømmeklatt på.
Rettens opphav
Brimlefsa er ein veldig gamal rett, som dei laga til middag på gardane på Voss når dei baka flatbrød. Denne retten er så gamal , at det er ikkje mange som hugsar den i dag.
Bjørgum Bygdekvinnelag har teke i bruk oppskrifta att. No bakar dei den kvart år under det årlege Smalahovesleppet som er på Voss om hausten. Dei sit i gata og bakar, og køen brukar å bli lang, når godlukten byrja å spreia seg. Når folk lurar på kva det er dei lagar, brukar dei å sei at dette er forløparen til dagens pizza. Brimlefsa gjev meirsmak , og mange kjem att kvart år.
Denne oppskrifta er frå Liv Spilde i Bjørgum Bygdekvinnelag.