
Bordstabelbakkels
Tradisjonsrik julekake frå Jølster.
Kaker
Middels
3timer
Sogn og Fjordane
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 2 stk egg
- 250 g sukker
- 2 ss fløyte
- 500 g kveitemjøl (cirka)
- 250 g smør/margarin
- 4 stk eggekviter
- 1.5 dl sukker
- 300 g skålda mandlar
Fremgangsmåte
- Pisk egg og sukker til eggedosis og tilset i fløyten.
- Smuldre smøret i mjølet og bland i eggedosisen. Elt saman deigen og set han kaldt.
Topping:
- Visp eggekvitane halvstive og tilset sukker og malne mandlar.
Baking:
- Kjevl deigen tynt ut og skjer ut stenger på om lag 16 x 3-4 cm.
- Steik kakene midt i omnen ved 180 grader i 5-6 minutt til dei er lys gule. Avkjøl på flat rist.
- Når alle kakene er steikte, legg ei stripe med mandelmasse på kvar kake. Legg dei på plate igjen og set dei i omnen ved 75-100 grader med omnsdøra litt open. Lat dei stå til mandelmassen har stivna utan å bli mørk, om lag 2 timar.
Ein serverer gjerne bordstabel til dessertane i jula.
Tips!
Dersom ein køyrer mandelmassen på matmølle og har i litt ekstra eggekvite, kan ein sprøyte massen på kakene. Ein kan òg legge på mandelmassen med ein gong. Steik dei då ved 175 grader i 10 minutt.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er frå boka «Alle tiders Fjordamat» av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal (utgitt i samarbeid med Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag på Selja Forlag i 2002).
Bordstabel blir av mange rekna som ein av dei sju slaga til jul. I boka kan vi lese at tradisjonen med dei sju slaga til jul gjeld det vi til vanleg kallar småkaker. Dei kan vere steikt i smolt, jarn eller steikjeomn. Dei som vart steikte i smolt og i jarn er nok dei eldste sortane. Mange hadde ikkje tilgang til steikjeomn før vedkomfyren kom på byrjinga av 1900-talet. Etterkvart som margarinen kom og erstatta smøret, og sukkeret var rimelegare og betre tilgang på, kunne også «vanlege folk» lage småkaker.