close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Blodkompar

Gamal oppskrift frå Fjellbygda i Gloppen.

  • local_offer Middagsretter
  • local_dining Middels
  • timer 3 timer
  • location_on Sogn og Fjordane
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 700 g rå poteter
  • 212 dl blod
  • 70 g nyretalg
  • 112 ts salt
  • 600 g byggmjøl (cirka)

Fremgangsmåte

  1. Skal og rasp potetene. Sik frå raspet det meste av vatnet. Set til salt og blod. Ha i mjølet til passe deig.
  2. Form komparane, ha ein klump nyretalg i kvar. Ha komparane i kokande lettsalta vatn, ca 1 ts pr liter, etter kvart som ein lagar dei. Dei held betre forma om ein legg dei i ei tresleiv  etter kvart som ein har dei oppi vatnet.
  3. Komparane bør koke – småkoke – i 2,5 – 3 timar. Det er viktigt at komparane kokar så lenge for at fettet skal verte mjukt og godt.

I Fjellbygda vert komparane serverte med kokt kålrot. Surmjølk, sirup og fast meierismør, for dei som likar det.


place
Sogn og Fjordane

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Else Tystad i Gloppen Bygdekvinnelag. Ho skriv:
"Blodkompar var og er ein gammal tradisjonsrett som vert brukt den dag i dag i bygdene våre.
Når dei slakta på garden tok dei vare på alt. No får ein kjøpe ingrediensane på butikk. Lagar ein blodkompar av svin vert den litt mjukare eller av får og storfe. Og nyrefettet vert smolt av svin, og talg av får, og talg vert fort hardt når den vert kald.
Byggmjøl, poteter og kålrot dyrka dei alltid på gardane før i tida, så dette vart eit ganske så rimeleg måltid. Og når ein åt middag kl 12 på dagen, så var dette så kraftig kost at ein var mette langt utover dagen.
Far min var bygdeslaktar. Når han då var på slakting rundt om i bygda og det nærma seg middagstid, så var det ofte han fekk blodkompar av den grisen som han hadde slakta tidleg om morningen. Når han kom heim spurde vi kva har du ete til middag i dag? Då sa han: « Ja, eg likar no godt blodkompar, men det byr meg i mot når eg nettopp har slakta grisen»."