Bestemors kjøtkaker

Bestemors kjøtkaker

Klassisk tradisjonsrett etter oppskrift frå Voss.

Middagsretter

Middels

1timer

Hordaland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 kg kjøtdeig
  • 1 ts pepar
  • 0.5 ts allehånde
  • 0.25 ts ingefær
  • 0.25 ts muskat
  • 1 ts bakepulver
  • 4 dl vatn
  • 4 ss potetmjøl
  • 1 stk egg
  • 2 ts salt

Fremgangsmåte

  1. Ein må bruka karbonadedeig eller kjøttdeig som ikkje er tilsett vatn eller salt, gjerne heimekverna. Bruk miksar og bland kjøtdeig med krydderet og bakepulveret. Potetmjølet rørast ut i vatnet og egget har ein i blandinga, rør det forsiktig ut i kjøtdeigen og tilset saltet til slutt.
  2. Steik kjøtkaken i leirgryte eller på steikepanne. Trekk dei i litt kokande vatn før servering.

Server med brun saus, ertestuing og poteter

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Anita Jordalen i Egdetveit bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Bestemor hadde 11 ungar og etter at dei var vaksne og flytta ut, lagde som regel steik og kjøtkaker til middag nesten kvar søndag, for ho viste ikkje kor mange som dukka opp – men det kom alltid nokon. Eg veit at fleire av barnebarna hennar brukar denne oppskrifta framleis, mange år etter hennar bortgang.»