Mellekjætt

kjøkkenutstyr

Mellekjætt

Godt og rimeleg til kvardags, eksklusivt til selskaps.

Middagsretter

Middels

2timer

Sør-Trøndelag

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 500 g salta saukjøtt
  • 500 g oksekjøtt
  • 500 g skinke
  • 2 stk middagspølser
  • 5 stk kokte poteter
  • 2 stk skiver kokt kålrot
  • 1 stk lauk, eller meir
  • 200 g smelta smør
  • 2 dl mjølk/fløyte
  • 1 ts salt (smak til)
  • 1 ts pepper (smak til)
  • 1 ts sukker (smak til)

Fremgangsmåte

  1. Kok kjøttet, plukk det av beina og avkjøl. Mal saman med potet, lauk og kålrot ein gong på kjøttkvern. Av salta saukjøtt er fenalår eller pinnekjøt fint. I staden for, eller saman med skinke, kan du bruke karbonader eller røykte sommarkotelettar
  2. Bland i smelta smør og mjølk/fløyte til passe konsistens – som ein graut. Varier mengde smelta smør etter kor mykje feitt det er i kjøtet. Varier mengde mjølk/fløyte etter konsistens på mellekjættet.
  3. Smak til med salt, sukker og favorittkrydder.

Server varmt med brød til.

 

Rettens opphav

Mellekjætt – altså «male kjøtt» for ikkje-trøndarar – var vanleg kost til kveldsmat andre dagen når bryllup blei feira over fleire dagar på gardane i vår del av Trøndelag.

Til brøllops hadde gjestane med seg «bening», ei korg med mat. Både kjøtt – eit saulår, ein «båttå tå grisen» og anna. I tillegg: brød og diverse sortar kaffebrød. Kjøtet vart koka til «kjætt å kokning» – kjøtt og kjøttsuppe – i bryllupsgarden på sjølve bryllupsdagen. Andre dagen var det gjerne lutefisk og lefse til middags, og mellekjætt attåt brød til kvelds. Da mol dei opp restane av kjøtt, potet og kålrot (næp) frå dagen før.

Men mellekjætt var kvardagskost rundt om i heimane og. Gjerne når fleskskinka eller saulåret var mesta oppete og hadde henge LITT for lenge, og blanda med middagsrestane frå søndagsmiddagen. Mellekjættet var ikkje det minste kleinare om det smakte ØRANDE lite ult! Så den oppskrifta du har oppafor er luksusvarianten. Om du lagar denne eller din heilt eigne variant av mellekjætt, er det Rennebu bygdekvinnelag sin Tradisjonsmatskatt.