close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


vossakling på asjett

Vossakling

Festmat frå Voss.

  • local_offer Brødmat/Bakverk
  • local_dining Vanskelig
  • timer 4 timer
  • location_on Hordaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 l mjølk
  • 100 g smør
  • 14 ts hjortetakksalt
  • 114 kg kveitemjøl
  • 12 l mjølk
  • 2 stk egg

Fremgangsmåte

  1. Varm mjølka til kokepunktet og smelt smør i mjølka.
  2. Bland kveitemjøl og hjortetakksalt i væska til passe fast «knåa».
  3. Bak ut leivar og steik litt (dette kalles å «løype») på eine sida. Legg leivane til sides til du er ferdig med heile knåa. Legg dei oppå kvarandre med eit plagg over.
  4. Visp saman 0,5 l mjølk og 1 egg.
  5. Når du er ferdig med heile knåa tek du leivane att og nekar dei med blandinga av mjølk og egg. Å neke: Ta ein og ein leiv. Slå litt av mjølkeblandinga på den sida som ikkje er steikt og smør dette utover med flate handa. Etter kvart som leivane er ferdig neka steiker ein dei lett på begge siden. Den sida som ikkje er neka skal ned på hella først. 
  6. Brett så leiven dobbelt med den neka sida inn og legg i stabel med lett press på. Når ein skal smørje klingen bløytes brødet på vranga medan det ligg dobbelt slik det har vore lagra.

Smørje til klingen:

  • 2 l mjølk
  • 1 boks prim
  • 0,5 kg sirup
  • 1/4 boks rømme
  • Litt kandis og brunost til passe smak
  • 0,5 l kveitemjøl

Rør kveitemjølet og litt av mjølka ut til ein jamning. Kok opp resten av mjølka saman med prim, rømme, sirup, brunost og kandis.

Rør inn kveitemjølsjamningen og kok opp att under røring. Kok nokre minutt for å få bort mjølsmaken.

Smørjing:

Ta ein leiv og brett den ut. Ha smør på heile leiven – på den sida som er bløytt. Ha smørje på halve leiven. Så brettar ein den halve med berre mør på over den med smørja.

Del klingen opp i firkantar. Pakk dei inn så dei ikkje tørkar.


place
Hordaland

Rettens opphav

Dette er festmat som vert brukt ved alle store festdagar på Voss.
Denne oppskrifta ble sendt inn av Liv Spilde i Bjørgum Bygdekvinnelag til Norges Bygdekvinnelags oppskriftstafett i 2012.