Te av einerbær

Te av einerbær

Smakfull te av ville vekstar!

Drikke

Lett

20minutter

Sogn og Fjordane

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 2 ss einerbær
  • 1 l vatn

Fremgangsmåte

  1. Plukk dei modne, blå bæra og tørk dei utover eit bord. Lagre dei i krukker som ein bind lintøy over, eller i tøyposar.
  2. Før bruk vert bæra knuste og sette i bløyt eit kvartes tid. Rekn eit par skeier bær til kvar liter vatn. Slå kokande vatn over dei utbløytte bæra, og trekk dei i 10 minutt.

Rettens opphav

Einer har hatt mange bruksområder i tradisjonell norsk matlaging. Blant annet har den blitt brukt som krydder, i øl, medisin og einerkvister har vært brukt til rengjøring av trau med mer.
Denne oppskrifta er henta frå boka «Fjordamat» av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal, og er ei oppskrift etter Dina Larsen og Dorothea Rabbes kokebok frå 1938.