- Del kjøtet i passe store stykke. Brun kjøtet på alle sider og legg det i ei kasserolle.
- Ha på vatnet og kok opp. Skum godt.
- Ha i løk i store båtar, dersom ein likar løk. Kok i ein halv time.
- Brun smør og mjøl til brun sausjamning og ha det i til sausen er passe tjukk. Lat koke vidare til kjøtet er møyrt.
Serverast tradisjonelt med grøn ertestuing eller gulrøtter.
Tips
Sosekjøtet vert best om det er bein i det. Dersom ein har kjøt utan bein, bør ein koke litt bein med i sausen.