Rør, pisk eller rist rømmen til smør.
Om ein lager smør på ymse vis kan det ta tid før rømmen skil seg. Når smøret ligg som små klumper i kjernemjølka, tek ein det opp, og samlar det. Væska som er att er kjernemjølk.
Ein må vaska smøret fleire gonger i kaldt vatn til vaskevatnet er klart. Deretter må ein presse ut vatnet godt og smaka til med salt. Legg på fat eller i form.
Kjernemjølka som er att er god til drikke.