close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


rømmegrøt i bolle

Rummegraut

Også kalla slåttegraut, bufargraut eller barselgraut i Hallingdal.

  • local_offer Grøt
  • local_dining Middels
  • timer 45 minutter
  • location_on Buskerud
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 l rumme (35% fett)
  • 112 dl kveitemjøl
  • 2 ss byggmjøl
  • 14 ts salt

Fremgangsmåte

  1. La rummen småkoke til feittet visar seg. So tvillar ein i mjølet, rører forsiktig so det ikkje legg seg nedi. Kok til fløtet kjem fram. Smak til med salt.

Server med sukker og kanel, og flatbrød om ein vil, eller kjæsebreste laga av skumma mjølk. Søt skumma mjølk eller raud saft til drikke.

Tips!

Er fløtet (feittet) vanskeleg å få ut, kan det hjelpe med ein skvett kremfløyte eller smør i. Eller prøv å la grauten stå lite over svak varme.


place
Buskerud

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Torpo Bygdekvinnelag, og er henta frå boka "Hallingskost" av Lise Laa (1998).
I boka kan vi lese at rummegraut og vart brukt som sending til gjestebod eller likferd. Då vart grauten aust i eit djupt fat, sett på eit kvit plagg, alle fire hjørna knytt saman og hengt over armen.