close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


rabarbrastenger på fjøl

Rabarbravin

Hjemmelaget vin av rabarbra er både smakfullt og eksklusivt.

  • local_offer Drikke
  • local_dining Vanskelig
  • timer 40 døgn
  • location_on Sør-Trøndelag
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 15 kg rabarbra, oppskore i små bitar
  • 1 kg rosiner
  • 25 l vatn
  • 12 kg sukker
  • 3 stk gelatinplater
  • 3 stk håndfuller appelsinskal

Fremgangsmåte

Den gamle oppskrifta seier at dette skal rørast saman i «ei krukka». Vi vil tru at eit plastkar er lettare tilgjengeleg no.

Når alt er rørt saman skal karet settast i eit varmt rom og dekkast med eit klede. Rør i blandinga kvar dag i 14 dagar. Sil så opp blandinga. 25 liter nytt vatn blir tappa over stilkane, og dette får stå vidare i 4 dagar før også denne væska blir sila opp, blanda med den første saftblandinga i ein stor beholdar («vinanker») og tilsett 14 kg sukker.

Farge på vinen: Ta 1/2 kg sukker i rein steikpanne og varm til sukkeret smeltar og blir brunt. Avkjøl litt og tilset 1/2 kg kokande vatn. Dette blir hatt på vin-ankeret saman med 3 plater oppløyst gelatin og 3 handfull støytte appelsinskal.

Ankeret må stå lunt, og i 3 veker framover må det kvar dag rørast om i karet. I denne tida skal det berre vera ein klut over spunsholet.

Etter desse 3 vekene fyller ein på nye 5 liter vatn, spunsar ankeret godt (har på tett lokk) og set de i kald kjellar. Der må det stå 5-6 månader til vinen er ferdig. Om ein vil kan ein nok fylle vinen på flasker og ta opp etter kvart det ein har bruk for.

Ein må nok vera klår over at dette ikkje er ein drikk for sjåførar!


place
Sør-Trøndelag

Rettens opphav

Denne oppskrifta er henta fra «Tradisjonsmat i Rennebu» utgitt av Rennebu Bygdekvinnelag i 2004.
I boka kan vi lese at det er ei eller fleire rabarbraplanter på dei fleste gamle gardar og plassar i bygda.