close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


skål med potetsuppe

Potetsuppe

Enkel, god og vitaminrik suppe

  • local_offer Middagsretter
  • local_dining Middels
  • timer 1 timer
  • location_on Telemark
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 8 stk poteter
  • 112 l vatn
  • 1 stk lauk
  • 12 stk purrelauk
  • 40 g smør
  • 112 dl fløyte
  • 2 ss finreven peparrot
  • 100 g bacon eller sideflesk
  • 0 ukjent salt og pepper

Fremgangsmåte

  1. Vask, skrell og del opp poteter, lauk og purre. Kokast i vatn til mørt.
  2. Sil av krafta frå grønnsakane. Ta vare på noko av krafta til å spe suppa med.
  3. Ha poteter, lauk og purre over i ein blender eller foodprocessor og «kjør» med fløyte, smør og krafta frå potet og lauk til suppa oppnår ein fin fløyelsaktig konsistens utan klumpar.
  4. Bacon eller sideflesk kuttast i små strimlar og sprøsteikast i steikepanne.
  5. Smak til med finreven peparrot, salt og pepar.

Server suppa med baconterningar og krutongar. Krutongar er enkelt å lage sjølv, ved å sprøsteike brød i terninger i litt olje i stekepanna eller i omnen.


place
Telemark

Rettens opphav

I store delar av Telemark har poteta vore nemnt jordeple. Jordepla eller potetene var me så heldige å få hit til landet vårt for om lag 250 år sidan. Det var frå Peru dei kom. Der hadde inka-indianarene, høgt oppe i Andesfjella, dyrka dei i 1750 år. For inka-folket var jordepla det viktigaste næringsgrunnlaget.
På 1700- talet var det fleire uår i Noreg. Når det var vanskeleg å få tak i nok korn, hjelpe det på litt at sjøfolka stundom fekk med seg frukt og grønsaker til landet vårt. Den fyrste dyrkninga av jordeple som er nemnd i skriftelege kjelder er frå åra 1757 og 1758. Hardanger, Sunhordaland, Agder og Telemark er dei fyrste områda der jordepledyrkinga er kjende frå skriftlege kjelder.
Poteter er ei god c- vitaminkjelde, og c- vitaminene hjelper kroppen i opptak av jern. Potetvatnet du har koka potetene i er fint å drikke, det verkar reinsande. "Din mat skal vere din medisin", sa dei gamle. Og dei viste nok kva dei snakka om. Dei hadde mykje kunnskap om urter, men lite medisin å hjelpe seg med i gamle tider.
Oppskrift og tekst er hentet fra boka Jordeple og søtpotet, oppskrifter og tradisjonstoff, samlet og utgitt av Telemark Bygdekvinnelag i 2011.