- Mal varme poteter med salt.
- Bland poteter, mjøl og lettrømme og elt det i 2 minutt på miksar.
- Ta deigen ut på bakebordet og del i 10–12 emne.
- Bak ut tynne leivar, bruk rikeleg semper til «brøymjøl».
- Steik på varm takke. Legg leivane på kvarandre i eit klede. Når dei er kalde, pakkar ein dei godt inn og legg dei i frysen.
Tips
Desse lefsene er gode til rakfisk, gamalost og rømme eller med smør og sukker. Ein kan òg smørje dei som vanlege lefser. Om ein ikkje ønskjer å bake store leivar, kan ein lage litt store tynne potetkaker. Det er lettare å bake mindre leivar, og til rakfisk passar det godt.
Flere oppskrifter på glutenfrie tradisjonsretter finner du HER.