close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Bilde til "Norsk tradisjonsmat"

Potetball

Ball med mørpølse, slik dei gjer det på Sunnmøre

  • local_offer Middagsretter
  • local_dining Middels
  • timer 2 timer
  • location_on Møre og Romsdal
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 kg rå poteter
  • 200 g kokte poteter
  • 1 stk løk
  • 4 dl byggmjøl
  • 2 ss havregryn
  • 3 l vatn eller kraft
  • 6 stk kålrabiskiver
  • 500 g salt kjøt eller røykt pølse
  • 150 g baconterningar
  • 1 stk mør (spekepølse) til å ha inni ballen

Fremgangsmåte

Rensk potetene og løken. Mal dei på matmølle. Ha i salt og mjøl og la maskina gå til deigen er ferdig. Deigen skal vere så fast at han held forma på ei skei. Form ballane og legg ei skive med mør i kvar ball.

La ballane koke/trekke i tre kvarter til ein time, alt etter kor store dei er. God potetball skal vere mjuk og lett å skjere når ein set kniven i. For å oppnå dette, er det lurt å ha loket på under kokinga, då går dampen ned igjen i kasserolla. Dette gjer at ballen får ein mjukare konsistens. Kok gjerne kålrabi saman med potetballen.

Kokt kjøt eller røykt pølse vert servert på fatet saman med ballen. Eg steiker baconbitar og serverar det ved sida av saman med baconfeittet. Kulturmjølk å drikke attåt.


place
Møre og Romsdal

Rettens opphav

Denne oppskrifta kjem frå Solveig Linge Stakkestad i Valldal Bygdekvinnelag, og står i boka "Den gode smaken", gjeve ut av Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.