close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Natronkaker

Nysteikte natronknaker med brunost er godt til ein kopp kaffi.

  • local_offer Brødmat/Bakverk
  • local_dining Middels
  • timer 45 minutter
  • location_on Sogn og Fjordane
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 stk egg
  • 12 dl sukker
  • 1 l surmjølk
  • 2 ts natron
  • 2 ts hjortesalt
  • 750 g kveitemjøl

Fremgangsmåte

  1. Visp saman egg og sukker og ha i surmjølka.
  2. Bland i natron og hjortesalt og pisk det inn i egg og mjølkeblandinga. Etter det bør du byte ut vispen med ei tresleiv. Ha i mest alt mjølet og bland forsiktig. Det er viktig å ikkje røre for mykje slik at deigen vert seig.
  3. Ha mjøl i eit stort fat og legg ei og ei skei med deig i mjølet. Ta mjøl rundt heile deigklumpen, før ein tek dei i handa og vender dei nokre gonger. Legg dei på takka eller tørr steikepanne, klapp dei litt utover om dei er for tjukke. Steik ved middels varme. Høver godt til frysing.

Server med smør, brunost eller sukker.


place
Sogn og Fjordane

Rettens opphav

Natronkake har mange andre namn, som tronter, glohoppe, hoppedurre, klappekaker og asekaker. Dette er kaker som har vorte lage i heile Sogn og Fjordane. I boka Fjordamat (Kongsvik og Støfringsdal 2008) kan vi lese at natronkake var typisk kvardagsmat, laga for å dryge brødet eller når ein var tom for brød og andre kaker. Under krigen fortel òg mange om mykje bruk av natronkake, fordi ein kunne bruke byggjøl i dei. Dette er kanskje grunnen til at dette var kaker som ikkje vart verdsette, men dei siste åra har bruken teke seg mykje opp.
Denne oppskrifta er frå Kari Støfringsdal. Videoen er laga av NRK Sogn og Fjordane.