close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


kjøkkenutstyr på hylle

Mylse

Tradisjonsrik mjølkerett.

  • local_offer Desserter
  • local_dining Lett
  • timer 7 timer
  • location_on Sogn og Fjordane
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 8 l heilmjølk
  • 1 ts osteløpe
  • 0 ukjent brunost / sukker etter behov

Fremgangsmåte

  1. Varm mjølka opp til lunka i kjele som ikkje svir i botn, ha i osteløpa og rør godt. Lat det stå i 1/2 til 1 time.
  2. Skjer opp blandinga med kvass kniv. Varm sakte opp på svak varme til kokepunkt (kan ta opp mot to timar). Lat det såvidt småputre til laken får ein svak brunfarge. Ikkje rør i blandinga, berre snurr på kjelen for å unngå at det set seg i botn. Nokre stadar kokar dei den lengre, slik at både laken og klumpane vert lys brune. Da vert mylsa søtare, eventuelt så kan ein tilsette brunost eller sukker for å få den søtare.

Biletet er frå oppkok av mylse.


place
Sogn og Fjordane

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Sølvi Gunn Kalstad og Kari Anne Meisen i Fuglsetfjorden Bygdekvinnelag.
Mylse er ein tradisjonsrik mjølkerett frå Sogn og Sunnfjord. Koketida (og dermed farga) varierte frå bygd til bygd. Mylse vart bruk som festmat i ulike høve.