close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Lussekatter

Tradisjonsrik bakst til Luciadagen.

  • local_offer Kaker
  • local_dining Lett
  • timer 1.5 timer
  • location_on Sogn og Fjordane
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 7 dl mjølk
  • 112 stk pakke gjær
  • 250 g smelta margarin
  • 1 kg kveitemjøl
  • 120 g sukker
  • 12 ts hjortesalt
  • 1 g safran
  • 1 stk sukkerbit

Fremgangsmåte

  1. Smuldre gjæra i lunka mjølk (37°C). Knus safran saman med sukkerbiten og bland det i mjølka saman med sukker, hjortesalt og smelta margarin. Elt inn mjølet til ein glatt, god deig. Set til heving til dobbel storleik.
  2. Trill ut pølser om lag 2 cm tjukke. Del pølsene i 10 cm lange bitar og form figurar. Etterhev i om lag 30 minutt, pensl med egg og pynt med rosiner.
  3. Steik ved 225°C i 10-15 minutt midt i omnen.

Tips!

Om du ikkje har safran kan du bruke litt gurkemeie eller gul konditorfarge for å få den karakteristiske gule fargen på lussekattane.


place
Sogn og Fjordane

Rettens opphav

I tida før jul gjaldt det å passe seg for vonde makter som var på ferde. Oskoreia/Åsgårdsreia er eit velkjent folketruelement i store deler av landet. Det var ein flokk daudingar, tusser, troll og underjordiske som reid rundt på svarte hester i tida før jul. Lussiferda/Lussireia var ei liknande farleg ferd knytta til den mørkaste natta i året etter den gamle tidsrekninga 13.desember. Lussi straffa dersom ikke alt arbeid var gjort til rett tid. Denne mørke Lussi har ikkje nokon samanhang med den lyse Lucia som seinare har kome inn som eit element i tida før jul. Feiringa av St.Lucia har kome hit til oss frå Sverige.

Luciadagen er til minne om Sankta Lucia, fødd om lag år 236 på Sicilia i Italia. Ho var drepen der for trua si skuld, sannsynlegvis i år 204. Alt rundt år 400 byrja ein å æra henne som helgen, ved å halde fest denne dagen. I eldre norsk bondetradisjon vart dagen kalla Lussidagen, Lussinott, Lussimess eller Lussi langnatt. Lussinatta blir i tradisjonen rekna for å vera den lengste i året, og det tyder på at 13.desember ein gong har vore solsnu.
Ein kjenner til Lucia-markeringer frå 1940-50-talet, ved at dei baka Lucia-kringle og song Lucia-songen. Men det er særleg dei siste tiåra at dette har vorte vanleg over alt.
Denne oppskrifta er henta frå boka "Alle tider fjordamat", skrevet av Kari Støfringsdal og Åse Kongsvik, og utgitt av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag på Selja Forlag.