
Lettsalta brosme med fiskebrød
Tradisjonsrik rett frå Jølster.
Middagsretter
Middels
45minutter
Sogn og Fjordane
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 800 g lettsalta brosme
- 8 stk poteter
- 6 stk gulrot
- 100 g bacon/flesk
Fremgangsmåte
- Kok fisken i usalta vatn. Dersom ein er usikker på kor salt han er, kok eit lite prøvestykke. Dersom fisken er for salt, kan ein la han koke opp i eit vatn og slå det av, deretter koke ferdig i nytt vatn. Er han lite salt, ha i litt salt i kokevatnet. Salta brosme må trekkje i 20 minutt.
- Kok potet og gulrot kvar for seg.
- Steik bacon/flesk i biter til det er sprøtt.
Server brosme med poteter, gulrot og flesk på fiskebrød. Oppskrift på fiskebrød er den same som til Jølstralefse, men lefsa smørjast ikkje med kling. Del lefsa i trekantar.
I staden for brosme kan du bruke lettsalta torsk.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er frå Kari Støfringsdal, forfatter av Fjordamat-bøkene.
I heile Sogn og Fjordane har det vore baka lefse. Dei eldste lefsene vart nok laga som flatbrød, men med litt finare mjøl. Då bløytte ein leivane når dei skulle brukast. Seinare ut på 1900-talet vart det vanleg med hevingsmiddel, mjølk, rømme og smør i leiven til lefse. Lefse med hevingsmiddel vert litt tjukkare, og dersom ein pakkar dei godt inn etter kvart som ein steikjer dei, held deg seg mjuke.
I katolsk tid var fisk vanlig mat julaften. På grunn av fasteskikken var det nemlig ikkje lov å spise kjøtt før 1.juledag, og sjølv etter reformasjonen heldt mange fast ved dette. Kokt brosme eller torsk spist i fiskebrød er vanleg mat til jul og andre selskap i Jølster.