close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Lefse med kling

Gode smurte lefser med kling, her i en variant frå Åfjorddalen i Sogn og Fjordane.

  • local_offer Brødmat/Bakverk
  • local_dining Middels
  • timer 2 timer
  • location_on Sogn og Fjordane
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 2 kg kveitemjøl (hold litt att på mjølet)
  • 250 g melange margarin
  • 212 dl sukker
  • 1 stk egg
  • 1 l kefir
  • 1 ts natron
  • 6 dl seterrømme (til kling)
  • 6 dl lettrømme (til kling)
  • 3 dl kremfløte (til kling)
  • 1 kg melange margarin (til kling)
  • 1 kg sukker (til kling)*

Fremgangsmåte

Denne lefsedeigen er velegna til deg som vil lære å kjevle fine leiver. Den er god å jobbe med og tåler godt litt behandling.

Lag først lefsene: Visp egget og sukkeret lett saman. Smuldre margarinen i mjølet og tilsett deretter eggeblandinga, kefir og natron. Hold gjerne litt igjen på kveitemjølet, så deigen ikkje blir for fast.

Lat deigen stå i omlag en time. Del den i omlag 20 emner. Pakk inn eller dekk til emnene mens du bakar, så dei ikkje blir tørre.

Kjevl ut emna til tynne leivar. Sett takka på middels varme, og steik lefsene – men kun på ei side! Legg leivane i stablar med steikt side mot steikt side og rå side mot rå side. Pakk dei steikte leivane godt inn slik at dei tørker minst mulig.

Så lagar du kling: Lat alle ingrediensane til klingen stå i romtemperatur i nokre timar før dei skal brukast. Start med å røre smøret i ei panne på svakaste varme. Tilsett litt og litt av rømme, fløte og sukker medan medan du rører jamt. *OBS: Smak til med sukker i klingen, til den er passe søt. Bruk omlag 1/2 til 1 kg sukker.

Om klingen skulle sprekke eller skille seg, startar du opp igjen med margarin, og tilsett litt og litt av den skilte massen. Ikkje varm klingrøra for mykje, trekk kjelen av varmen ved behov.

Så skal du smøre lefsene: Bløtt opp kjøkkenhandklede i kaldt vatten: Legg kjøkkenhandkle mellom leivane slik at dei blir mjuke og kan brettast uten å knekke. Smør kling på leivene og brett dei saman.  Bruk dei finaste leivane til å smørje i og bruk dei styggaste til å rive og fylle.

 

 

 

Lefser brød

2 kg kveitemjøl

250 GR melanges  ( smuldrast i mjølet )

1 kopp sukker

1 egg ( vispast ilag med sukkeret litt saman )

1 liter kefir

1 Ts natron

 

 

Kling

2 seterrømme

2 lettrømme

1/3 kremfløte

1 kg melanges , romtemperert.

Sukker til passe søt klining , mellom ein halv og ein kg

 


place
Sogn og Fjordane

Rettens opphav

Denne oppskrifta har vi fått fra Åfjorddalen Bygdekvinnelag.