Kvitkako/Kvikako
Godt til kaffen
Brødmat/Bakverk
Lett
1timer
Oppland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 l lett eller skummamjølk
- 250 g kveitemjøl
- 75 g steinmalt byggmjøl
- 1 ts salt
- 1 ts natron
Fremgangsmåte
- Bland alt til ei røre. Røra skal vera omtrent som pannekakerøre, ganske tynn.
- Smør ei godt varm takke med fleskesvor eller smør. Ta ei ause med røre over på takka og skyv den litt utover med ein gong for å få tynn kake, omtrent så stor som ei lompe. Arbeid raskt for å få aust på så mange kaker som det er plass til på takka, dei må snuast ganske fort. Kakene skal ha god farge, steik dei litt kortare på andre sida.
- Legg dei utover eit klede til dei er kalde. Kvitkako er best nystekte.
Serveres med rumme og syltetøy. Godt til kaffen
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Ulnes Bygdekvinnelag.