- Bruk salta tørka knoker av spekekjøt, spekeflesk eller bacon. Sag opp i passe stykker. Legg lettsalta røykt svineknoke eller salta tørka knoker av spekekjøt i kaldt vatn om dei er salte. Kok til kjøtet er møyrt ca. 2-21/2 t. Skum godt. Ta den opp, avkjøl og rensk når den er kald. Del opp i biter. (Dette gjer eg kvelden før eg skal ha den til middag). Sil krafta. Set ein pakke gule erter i vatn natta over.
- Kok kraft og erter til ertene er nesten møyre. Skjer noko av grønnsakene i små firkanter.Ha i gulrøtter, 1 liten kålrabi, purre og 2-3 poteter pr. person mot slutten av koketida. Kok til alt er møyrt. Ha i det oppskorne kjøtet. Ha i klempe dei siste 15 min. Tilsett salt og malen pepper.
Klempe
- ca. 3-400 g. kveitemjøl
- mjølk til passe masse.
Rør godt til ein jamn glatt masse. Ikkje for fast. Ha i suppa siste 15 min. Legg dei med teskei i den kokande suppa (små suppeboller).