Suppe
- Rens grønnsakene og skjær dem i litt store betar. Legg kjøttet i ei stor gryte. Fyll i vatnet og la kjøttet koke i ca 30 min. Fjern skummet. Ha i salt og pepper og grønnsakene la dette koke opp. Medan du lager klimpedeigen:
Klimper
- Knepp potetene saman med smøret med ein gaffel. Bland saman dei andre ingrediensene og bland dette med potetblandinga. Er røra litt blaut kan du tilsetja meir mjøl.
- Form klimpene med ei stor skjei, legg dei i den kokande krafta etter kvart som du lagar dei. Krafta må ikkje boblekoka. Klimpene utvidar seg når dei koker, så beregn god plass. La dette koka 1 t. Legg dei skrella potetene i mot slutten av kokinga, så dei ikkje går heilt i oppløysning.
Løksaus
- Smelt smøret og tilsett den finhakka løken. Når løken er blank rører du inn kveitemjøl og sper med krafta. Tilsett fløte og smak til med salt, pepper og eddik.
Servering
Her kan ein velja om ein vil servera dette som rein suppe, eller anrette kjøtt, grønnsaker, klimper, poteter på fat med saus til.