close
search
close

Logg inn


Glemt passord?

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


tre julekaker på brett

Julekake

Tradisjonell jolekake frå Valle.

  • local_offer Kaker
  • local_dining Middels
  • timer 2 timer
  • location_on Aust-Agder
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 50 g gjær
  • 5 dl mjølk
  • 2 dl sukker
  • 200 g smør
  • 1 ts kardemomme
  • 800 g kveitemjøl
  • 200 g rosiner

Fremgangsmåte

  1. Bryt opp gjæra i bakebollen.
  2. Smelt smøret og ha i mjølka. Varm opp til 37 grader. Slå mjølkeblandinga over gjæra og rør til ho løyser seg opp.
  3. Tilsett sukker, kardemomme og mjøl. Hald av noko mjøl, så deigen ikkje vert for fast.
  4. Bland rosinene med litt mjøl og ha dei i. Arbeid det heile til ein litt fast deig. Dekk til bollen og lat deigen heve til dobbel storleik.
  5. Del deigen i 3 delar og lag runde kaker. Legg dei på smurd plate og hev dei i 30 minutt.
  6. Pensle med egg. Steik dei i cirka 50 minutt på 200 grader.

place
Aust-Agder

Rettens opphav

Gjæret brød, kake og stomp var lite brukt før komfyren kom rundt 1900. På denne tida ble også tilgangen på mel og kjøpegjær bedre.
Denne oppskriften er henta fra boka "Tradisjonsmat frå Valle" - utgitt av Valle Bygdekvinnelag i 2006.