- Skjer kjøtet i strimler. Brun det lett i ei stekepanna saman med lauk. Krydre lett med salt og pepper.
- Ha kjøtet i ei gryte og spe med vatn. Kok godt opp.
- Kutt purre i ringar og gulrøtter i stavar og la det koke med kjøtet.
- Del opp sjampinjongen og brun den lett i panna før det has i gryta.
- Tilsett seterrømme og brunost. Kok til grønnsakene er møre.
- Tilslutt kan ein bruke litt kveitemjøl rørt ut i melk til å jevne gryta til passe konsistens. Eventuelt maisenna om du ynskjer ei glutenfri gryte.
Server med ris eller potetmos. Tyttebær og eventuelt kokt brokkoli er godt følge.
Tips
For å variere gryta kan ein krydre med einebær, solbærsaft eller eit lite glas raudvin.