
Hermetiske plommer, pærer og morell
Oppskrift fra Valldal.
Desserter
Middels
60minutter
Møre og Romsdal
Lagre som favoritt
Ingredienser
Fremgangsmåte
Sukkerlake
1 l vatn og cirka 300 g sukker (etter kor søt frukta er). Kok opp.
Hermetiske pærer
Skrell pærene, ta ut kjernehuset og del dei opp anten som halve pærer eller i båtar. La dei trekke i sukkerlaken ca 15 min. Tida kan variere etter storleiken. Prøv med ein pinne når dei er møyre. Fyll pærene på varme reine glas og ha i sukkerlake opp til kanten på glaset.
Plommer
Plommer er også veldig gode å hermetisere. Legg heile plommer i sukkerlake og la det trekke i 5-10 min avhengig av storleiken til dei er møyre.
Moreller
Morell treng berre ca 5 min å trekke i sukkerlaken.
Vi kan også hermetisere på ein anna måte, såkalla «kald hermetisering». Denne var mest brukt før. Då hadde vi ein spesiell hermetiseringskjele med ei rist i botnen.
Kok opp sukkerlake og avkjøl. Legg frukt/ bær i kaldt glas. Fyll på kald sukkerlake nesten til kanten. Skru loket nesten att, innhaldet utvidar seg ved oppvarming og då må det ikkje vere heilt tett. Set glasa i ei kasserolle med rist i botnen, og fyll på vatn nesten så langt opp som innhaldet i glasa. Varme opptil ca 80-90gr. Dette treng litt lenger tid enn den andre hermetiseringa. Sjå etter når frukta/morell endrar seg, og at du kan sjå antydning til små sprekker på frukt/bæra i glasa. Ta glasa opp og skru att loket. Viss du brukar Norgesglas, så set dei på hovudet.
Rettens opphav
Desse oppskriftene er sendt inn av Solveig Linge Stakkestad i Valldal Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Valldal er ei bygd med tradisjon for dyrking av bær og frukt. Oppskriftene vi sender er basert på dette. Hermetisk frukt og bær med krem var alltid søndagsdesserten hjå oss og mange.»