close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


kjøkkenutstyr på benk

Hedle-hestar

Kakeoppskrift fra Hedleholen i Rogaland.

  • local_offer Kaker
  • local_dining Lett
  • timer 30 minutter
  • location_on Rogaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 712 dl store havregryn
  • 1 l kulturmelk
  • 3 stk egg
  • 112 dl sukker
  • 2 ss smelta smør
  • 2 ts natron
  • 14 ts salt
  • 0 ukjent kveitemjøl - gjerne glutenfritt

Fremgangsmåte

  1. La havregryn svelle i melk, gjerne over natta.
  2. Tilsett de øvrige ingrediensane. Ha i mjøl til det blir som ein graut.
  3. Legg med skei på helle eller steikepanne og klapp litt utover. Helle på cirka 4-5, alt etter termostat.

Server med smør, brunost, syltetøy eller etter eige ønskje! Kakene kan gjerne frysast, og treng ikkje så lang tining.


place
Rogaland

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Sandnes Bygdekvinnelag. Dei skriv:
Oppskrifta kjem frå Hedleholen i Julebygda i Sandnes. Det var Ingeborg Malmin, fødd Stangeland, som truleg hadde oppskrifta med seg frå heimen sin i Klepp. Namnet på oppskrifta reknar ein med vart laga etter at ho kom til Hedleholen. Ingeborg Døydde i i 1939, 69 år gammal. Då hadde ho fødd 12 born som kunne ta oppskrift og tradisjon med vidare.
Barnebarn fortel at dei vart kjende med oppskrifta i heimane sine. Hedlehestane vart nytta i ulike samanhengar. Dei var enkle å lage og greie å ta med når ein skulle gå med mat til arbeidsfolk som dreiv med skur, potetopptak, hesjing eller anna onnearbeid. Dei trong litt ekstra i ein travel kvardag. Elles vart kakene også brukte til vanleg kaffimat.