close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Havresuppe

Tradisjonsrik suppe med havre.

  • local_offer Drikke
  • local_dining Lett
  • timer 30 minutter
  • location_on Rogaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 dl havregryn (små)
  • 1 l vatn
  • 1 dl ublanda raud saft eks. husholdningssaft
  • 14 ts salt

Fremgangsmåte

  1. Kok opp havregryn og vatn. Småkok på svak varme i ca. 30 minutter. Følg med i starten slik at den ikkje koker over.
  2. Ha i salt og ublanda saft. Man kan ha meir eller mindre mengde saft. Deler av vatnet kan erstattes med melk. En kan også ha rosiner oppi.

Suppa kan ein servera varm eller kald, den tykner når den vert avkjølt. Avsilt havresuppe har også mykje næring sjølv om ein då siler bort gryna.


place
Rogaland

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Annvor Kyllingstad Undheim i Orre Bygdekvinnelag. Ho skriv:
Orre Bygdekvinnelag ynskjer å løfta fram Havresuppe som tradisjonsmat. Dette er nok ein tradisjonsmat i heile landet, men spesielt i vår bygd var dette ein rett som vart servert mykje. I underteikna sin heim var det havresuppe mandag til og med fredag kvar veke. Mi mormor født i 1901 hadde klokketru på alle gode effektane denne suppa hadde. Då eg ramla av sykkelen og slo av ei tann meinte ho bestemt at havresuppa vil gjera godt. Ein anna stadfesting på havresuppa si fantastiske virkning, var at denne alltid vart servert på sjukehuset.
Suppa vart servert varm som forrett og mange sparte litt til etter middag for å få litt søtt som dessert. Ernæringsmessig var dette veldig kloke val, då havren setter gang i fordøyelsen og det vert lettare for kroppen å nyttigjera seg dei ulike næringsstoffene i hovudretten som fett og proteiner.
Under krigen fekk me hjelp av “Svenska Norgeshjelpen” som metta mange, først og fremst barn men og eldre fekk hjelp. Det vart for det meste sendt ulike supper og havresuppa var ein av desse. Quisling-regjeringen tillot hjelpeaksjonen. Betingelsen var at hjelpen ikke skulle komme den norske motstandsbevegelsen til gode. Ein veit at fleire svensk-norske lokalavdelinger likevel forsynte ”gutta på skauen” med mat og klær.
På mange garder i vår bygd var der også arbeidsfolk “jenter” og “drenger”. Fleire stadar budde der og psykisk sjuke pasienter “dei utsatte” som og skulle mettast. Havresuppa var billig, næringsrik og drøyde måltidet.
I vår tid vert havren framheva som kolestrolsenkande, vektregulerande og for å hindra forstoppelse. Når ein ammer er det eit kjent kjerringråd å drikka havresuppa. For ein som har dårleg matlyst og er avmagra kan avsilt havresuppa vera lett å få i seg, samtidig som ein får mykje næringsstoffer.
Suppa kan drikkast som ei varmande suppe om vinteren og som ein avkjølande drikk om sommaren.