Hakkasteik

Hakkasteik

Gamal rett frå Sørfjorden i Hardanger.

Middagsretter

Middels

2timer

Hordaland

Lagre som favoritt

Ingredienser

string(1) "6"
  • 500 g salta og røykt lammekjøtt
  • 500 g kalvekjøt
  • 500 g salta og røykt flesk
  • 2 dl byggryn

Fremgangsmåte

  1. Legg byggryna i vatn kvelden før og kok dei i bløytevatnet til dei er møyre.
  2. Kok kjøt og flesk. Kok kalvekjøtet for seg i minst mogeleg vatn. Mal kjøtet ein gong. Ha kjøt, flesk og og gryn i ein kjele og bland det. Ha evt. i hakka løk. Spe med kjøttkrafta og ha i salt og pepar etter smak.

Server hakkasteika som festmat, varm, med poteter eller potetlefse til.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Kinsarvik Bygdekvinnelag. Dei skriv:
Hakkasteik er ein svært gammal rett i Sørfjorden i Hardager, og mykje brukt i vårt distrikt. Hakkasteik vart brukt som bryllaupsmat til frukost eller til nattmat. Derav kom namnet brurasteik som retten også vert kalla. Brurasteika skulle vera ekstra feit, gjerne med litt fløyte i. Hakkasteika skal ha ein konsistens som middels tjukk graut.
No vert hakkasteik også brukt som middagsrett. Som tilbehør høver det godt med kålrabi, gulerøtter og raudbetar, i tillegg til poteter. Retten kan også frysast, berre til å varma opp. Difor er det praktisk å laga opp ein stor porsjon og fordela i mindre porsjonar for nedfrysing. Dette er ein rett som dei fleste, både vaksne og born, likar godt.