1. Vask og skrell alle grønsakene. Skjær raudbetar, lauk, gulrøter, poteter og persillerot i terningar. Fjern den grove stilken på grønkålen og skjær blada i tynne strimler.
2. Ha alle grønsakene, unntatt grønkål, over i kjele og tilset vatn så det dekkjer grønsakene godt. Ha i timian og laurbærblad, og smak til med salt når det kokar. La suppa småkoke i 15-20 minutter til alle grønsakene er møre. Tilset grønkål rett før servering.
Tips!
Server gjerne med godt flatbrød og ei skei rømme i tallerken. Ønskjer du litt meir fylde og kjøtsmak kan du gjerne koke med 4-6 skiver bacon skore i terningar eller ha i eit par røykte pølser i bitar rett før servering. Ei grønsaksuppe kan varierast i det uendelege. Raudbetane i denne oppskriften gjev suppa smak og ikkje minst farge, men det kan også utelatast til fordel for ei ¼ lita kål eller ein god bit med rotselleri i terningar. Prøv deg fram til nettopp di favorittsuppe, og husk at ei spiseskei eddik i suppa til slutt løftar smaksopplevinga.