close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Gratinert klippfisk

Enkel hverdagsmiddag med tradisjonsrik råvare.

  • local_offer Middagsretter
  • local_dining Lett
  • timer 45 minutter
  • location_on Møre og Romsdal
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

Fremgangsmåte

Vatn ut klippfisken. Fisken vatnast ut i omlag eit døgn pr centimeter tjukkelse på fiskestykket, smak deg fram om klippfisken er passe salt.

Rensk fisken for bein og skinn, og skjer han opp i høvelege stykkje. Kok opp vatn og la fisken trekke i omlag 20-30 minutt.

Fisken skal bakast i form med kvit saus med løk. Finhakk løken. Smelt margarin i ei gryte med tjukk botn. Ha på kveitemjølet og rør godt til blandinga er uten klumper. Spe med mjølka, tilsett hakka løk og la sausen småkoke i fem minutt.

Legg ferdigkokt klippfisk i ei smurd form, slå sausen over og gratiner i omn i 25-30 minutt på 200 grader.


place
Møre og Romsdal

Rettens opphav

Klippfisk er og har vært en viktig råvare flere steder langs norskekysten, særlig fra Møre og Romsdal og nordover. Torsk blir foredla til klippfisk ved at torsken blir "flekt", det vil si delt på langs ved buken og bretta ut. Deretter blir torsken vaska, salta og tørka. Tidligere blei klippfisk tørka utendørs, gjerne på steinheller, svaberg og klipper - derav navnet klippfisk. 

Denne oppskrifta er ein lett omarbeid versjon av ei oppskrift frå boka "Den gode smaken", gjeve ut av Møre og Romsdal Bygdekvinnelag. Oppskrifta er sendt inn av Ørskog Bygdekvinnelag, som i samband med oppskrifta fortel om foredling av torsk til klippfisk i Ørskog:

"Det skal ha vore fiska etter torsk i Ørskogvika så lenge det har vore busetnad her. Nærere førti prosent av all fisken vart salta til klippfisk. Då var heile familiar med på tørkinga, serleg kvinner og born. Det var ei strevsamt arbeid, og sers avhengig av veret. Klippfisken var eit viktig og næringsrikt tilskot til kosten, og fisken gav òg inntekter til hushaldet".