close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Gammelt kjøkkenutstyr

Gommegraut frå Gossen

Tradisjonell graut som blir servert på juleaften.

  • local_offer Grøt
  • local_dining Lett
  • timer 4 timer
  • location_on Møre og Romsdal
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 5 l heilmjølk
  • 400 g risengryn
  • 270 g sukker
  • 270 g rosiner
  • 1 ts salt (smak til)
  • 2 ts kardemomme (etter smak)

Fremgangsmåte

  1. Kok opp mjølka og rør heile tida så den ikkje legg seg ved. La mjølka koke inn til det er att ca. 4 liter.
  2. Tilset ris og sukker og kok vidare – under omrøring. Når grauten byrjar å bli tjukk, tilset rosiner og kokar grauten ferdig. Salt til slutt. Smak eventuelt også til med kardemomme som får koke med dei siste ti minuttane.

Grauten blir aust opp i høvelege serveringskummar. Strø kanel og litt sukker oppå med det same grauten er oppaust.


place
Møre og Romsdal

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Eva Husøy i Gossen Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«I dei aller fleste heimar på Gossen MÅ det vere gommegraut til jul. Dei aller fleste kokar den dagen før juleaftan. Oppskriftene og framgangsmåten kan vere litt forskjellige, og smaken og. Men alle likar best den dei får servert i eigen heim. Grauten blir servert kald til julebrød, tørrvaflar eller brødskive. Mange likar salt pålegg på brødmaten til gommegrauten. Kvar sin favoritt!»